«Fotspor» i ei ny retning Ei gruppe tiandeklassingar sine opplevingar av bruk av ein mobilapplikasjon som eit digitalt læremiddel i undervisning i valfag.

Author:
Kongsvik, Malin
Abstract:
Valfag vart igjen innført på ungdomstrinnet i 2012, med bakgrunn i eit ønskje om å legge til rette for ei meir praktisk, variert, utfordrande, relevant og meiningsfull opplæring for elevane på ungdomstrinnet. Om lærarane si undervisning gjev meining og har relevans for elevane, medfører at undervisningsinnhaldet må tolkast fram av lærarar og elevar i saman. Eit sentralt punkt blir da korleis lærarar kan velje ut innhald i undervisning som gjer dette mogeleg. I dagens skule er det nødvendig å ta omsyn til teknologiutviklinga samfunnet står ovanfor. Forsking indikerer at digital teknologi allereie vert mykje brukt i skulen, men at bruken er lite fagleg orientert. Det vert blant anna framheva kor viktig det er å fokusera på lærarane sin kompetanse og elevane si læring. Anna forsking indikerer at til dømes mobilteknologi kan nyttast til å betre elevane sitt læringsutbyte og at mobiliteten gjer at bruk av denne teknologien er ideell for undervisning utanfor klasserommet. I nokre fag er uterommet ein spesielt viktig lærings- og danningsarena for elevane, til dømes i nokre av valfaga. Det finst imidlertid lite eller mangelfulle empiriske data som seier noko om korleis den enkelte skule har arbeidd med valfaga. Med bakgrunn i dette er valfaget Natur, miljø og friluftsliv vald for å utforska og utvikla ein undervisningspraksis der det vart nytta digitale læremiddel i undervisning utanfor klasserommet. Føremålet var å belysa kva synspunkt og opplevingar ungdomsskuleelevar sat igjen med etter å ha delteke og bidratt i utvikling av denne undervisningspraksisen. Problemstillinga vart difor: Korleis opplever ei elevgruppe på 10.trinn arbeid med mobilapplikasjonen «Fotspor» i undervisning i valfaget Natur, miljø og friluftsliv? For å belysa problemstillinga vart det nytta ein didaktisk aksjonsmetode, der 51 elevar på 10.trinn med valfaget Natur, miljø og friluftsliv deltok i aksjonsforskingsprosjektet skuleåret 2016/2017. Tolv av elevane deltok også i fokusgruppeintervju, der dei utarbeidde digitale fotoforteljingar som skulle belyse deira synspunkt og opplevingar av undervisningspraksisen. Resultata viser at elevane opplevde bruk av mobilapplikasjonen «Fotspor» i undervisningspraksis som motiverande og lærerikt. Dei syns det var interessant å kombinere bruk av mobilteknologi med å vera ute og i fysisk aktivitet. Elevane opplevde det som særleg spennande og utfordrande at dei fekk vera aktive medskaparar og at dei i grupper fekk lage digitale vandringar til kvarandre, som igjen blei gjenstand for vurdering. Elevane opplevde at Malin Kongsvik Masteravhandling – Fysisk aktivitet i eit skulemiljø 2016/2017 det var samsvar mellom undervisningspraksis og vurderingspraksis og at variasjon i undervisnings- og vurderingspraksis var lærerikt. Elevane ønskte å nytte mobilapplikasjonen «Fotspor» i andre fag, men framheva at ein alltid måtte rette det pedagogiske innhaldet i mobilapplikasjonen mot kompetansemåla i faga. Funna i aksjonsforskingsprosjektet er i tråd med studiar som har hevda at mobilteknologi kan nyttast til å betre elevane sitt læringsutbytte, gje elevane motiverande og interessante oppgåver, samt at mobiliteten gjer at bruk av denne teknologien er ideell for undervisning utanfor klasserommet. Som i tidlegare studiar vart det også i dette prosjektet framheva at elevar ønskjer fleire læringshøve som involverer mobilteknologi, og at dersom ein skal nytte teknologi i undervisningssamanheng må ein først og fremst fokusere på læring. Det er behov for fleire studiar på valfaga. Spesielt studiar som får fram ulike undervisningspraksisar og ikkje minst korleis lærarar kan involvere elevar til å bidra aktivt i utvikling av lærerike undervisningspraksisar i det eg har kalla «det samansette læringsrommet». Nøkkelord: Undervisningspraksis, valfag, profesjonsfagleg digital kompetanse, didaktikk, didaktisk aksjonsforsking, fokusgruppeintervju, «det samansette læringsrommet»
In 2012, elective subjects were re-introduced at upper secondary school (8th - 10th grade) aiming to facilitate a more practical, varied, relevant and meaningful education. Whether the teaching gives meaning and relevance to the pupils, the teaching content must be interpreted by teachers and pupils together. A central aspect to facilitate this objective is how teachers select educational content. Today it is necessary for teachers to adjust to the technological advancement society is faced with. Studies indicate that digital technology is widely used in teaching, but the usage is in lesser degree educationally oriented. The importance of focusing at the teachers’ competence levels and how the pupil learns are emphasized. Other studies indicate that mobile technology can be used to accentuate the pupils learning outcome and that the flexibility of this mobile technology makes it ideal for education outside the classroom. However, there are little or lacking empirical data that reports how the individual schools have worked with the elective subjects. Due to the lack of empirical data, the elective subject of “nature, environment and outdoor life” was chosen to investigate and develop a teaching practice where a digital educational tool was used outside the classroom. The purpose was to investigate what/which views and experiences 10th grade pupils were left with after having participated and contributed to the development of this teaching practice. The thesis was therefore: “How does a group of 10th grade pupils experience working with the mobile application «Fotspor» in the elective subject “Nature, environment and outdoor life?” To enlighten this thesis, a didactic action research including 51 pupils in the 10th grade, taking this elective subject, participated in the research project during the school year of 2016/2017. 12 of the pupils also participated in focus group interviews, where they compiled digital photo stories to enlighten their points of view and experiences after the lesson. The results indicate that the pupils found the usage of the mobile application «Fotspor» during the lesson, motivating and informative. They found the combination of mobile technology and physical outdoor activity interesting. The pupils especially enjoyed the challenge in being active co-creators. Furthermore it was exciting for them to make «digital walks» for each other – which in turn were used as an evaluation method. The pupils experienced a Malin Kongsvik Masteravhandling – Fysisk aktivitet i eit skulemiljø 2016/2017 consistency between educational practice and evaluation practice. They found the variation in both educational practice and evaluation practice stimulating. The pupils wanted to use the mobile application «Fotspor» in other subjects as well, but stressed that one had to use the mobile application only if it helped to reach the competence aims in said subject. The findings in this practical research project coincides with other studies that have suggested that mobile technology can be used to increase educational benefits and give pupils motivating and interesting assignments. The flexibility of this mobile technology makes it ideal for teaching outside the classroom. Along with the findings of previous studies, this project also accentuates that pupils prefer teaching methods that involve mobile technology and that if one is to use such technology in teaching, learning must be the main focus. It is my point of view that more studies are needed to investigate the elective subjects, especially studies that reveal the differences in educational practices and how teachers can involve pupils to actively contribute in the development of a beneficial educational practices in what I have called «the complex learning environment» Keywords: teaching practices, elective subject, professional digital competence, didactic/ didactical action research, focus group interview, «the complex learning environment»
Description:
Masteroppgåve i fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø
Publisher:
Høgskulen på Vestlandet/ Western Norway University of Applied Sciences
Date:
2017-05-15
Material type:
Master's thesis
Language:
New Norwegian
URL:
http://hdl.handle.net/10049/843
Keywords:
undervisningspraksis
valfag
profesjonsfagleg digital kompetanse
didaktikk
didaktisk aksjonsforsking
fokusgruppeintervju
«det samansette læringsrommet»
teaching practices
elective subject
professional digital competence
didactic
didactical action research
focus group interview
«the complex learning environment»

Files: