Meisterlære og instrumentalundervisning sett frå eit didaktisk perspektiv – eit studie av metodar og verktøy i undervisninga til tre messingpedagogar

Author:
Stavland, Anja Grønnevik
Abstract:
I denne masteroppgåva skal eg undersøka undervisningspraksisen til tre messingpedagogar, og sjå kva metodar og verktøy dei nyttar i si undervisning. Vidare skal eg sjå korleis ein kan forstå desse metodane ut i frå meisterlæretradisjonen. Det er eit kvalitativt forskingsprosjekt der det vert nytta intervju og observasjonar som forskingsmetode. Problemstillinga i denne avhandlinga er: ”Kva metodar og verktøy nyttar tre ulike messingpedagogar i arbeidet med sine elevar, og korleis kan me forstå desse metodane ut i frå meisterlæretradisjonen?”. Med denne problemstillinga vert oppgåva todelt. Den første delen av problemstillinga har eit deskriptivt syn på metode i undervisning. Dei metodane som informantane nyttar i undervisninga vert skildra ut i frå didaktiske begrep. Metodebegrepet vert definert ut i frå didaktikk og didaktiske begrep, og i tolkinga av datamaterialet vert funna kategorisert ut i frå desse didaktiske begrepa; undervisningsprinsipp, problemløysing, framgangsmåtar og aktivitetsformer. I den andre delen av problemstillinga vert det gjort eit analytisk grep der me kan forstå funna ut i frå meisterlæretradisjonen som undervisningsform. Med fire hovudformer for meisterlære kan me setja denne læreforma inn i instrumentalundervisninga som ein del av ein gamal tradisjon, og me kan sjå korleis meisterlæretradisjonen og den forma for undervisning har vore med å forma instrumentalundervisninga til dei informantane denne oppgåva tek føre seg. Nielsen og Kvale (Kvale, Nielsen, Bureid, & Jensen, 1999) presenterer fire hovudformer for læring i meisterlæretradisjonen; Læring gjennom eit praksisfellesskap, gjennom tileigning av fagleg identitet, gjennom handling og gjennom evaluering i praksis (Kvale et al., 1999, s.19). Å kunna sjå instrumentalundervisning frå eit didaktisk perspektiv tvingar oss i å sjå på undervisning som ei samansett handling. For at undervisning skal føra til læring må ein lærar reflektera over og ta omsyn til ein rekke faktorar som er med å påverka ein undervisningssituasjon. Metodane som denne avhandlinga tek sikte på er presenterte for å gi inspirasjon til utvikling av kvar enkelt sin verktøykasse av metodar, som ein meister kan ta i bruk og tilpassa til sine elevar. Desse metodane framstår som ein undervisningskunst, eller ulike former å undervisa på. Det er grep som er tekne i bruk for å effektivisera og for å gjera innhaldet i undervisninga forståeleg for eleven.
This master thesis is based on interviews and observations with three brass instrument teachers and their use of methods in teaching practices. My research questions are: “What methods and tools do the brass educators use in their lessons and teaching sessions, and how can we understand these methods based on master-apprentice learning?” This research question leads to a twofold approach. The first part of this approach is descriptive, in which the informants’ teaching methods are described by use of didactic concepts. Data analysis findings will thus be categorized based on these descriptive terms. In the second part of the research question an analytical approach will help us understand the data based on master-apprentice learning as a teaching method. With four main forms of apprenticeship learning, this type of instrumental learning is part of an old tradition shaped by the master-apprentice model of learning. Seeing instrumental teaching from a didactic perspective forces us to look at teaching as multiple actions. The teacher must reflect upon, and take consideration of, multiple different factors in order to make teaching lead to learning. The methods that this thesis is based on is presented to provide inspiration in the development of the master’s toolbox of methods; a toolbox that the teacher can use to adapt to each individual pupil. These methods emerge as teaching arts, or various forms of teaching to streamline the teaching process, and to make the content in the instruction understandable to the learner.
Description:
Masteroppgave i musikkpedagogikk
Publisher:
Bergen University College
Date:
2016-05-18
Material type:
Master's thesis
Language:
New Norwegian
URL:
http://hdl.handle.net/10049/677
Keywords:
instrumentalpedagogikk
instrumentalopplæring
instrumentalundervisning
didaktikk
messing

Files: