Kriteriumbasert klinisk audit som metode for kvalitetsforbetring: Bruk av skreddarsydde implementeringstiltak for å auka andelen hjerneslagpasientar som blir kartlagt for svelgvanskar etter akutt hjerneslag

Author:
Sivertsen, Jorun
Abstract:
Bakgrunn: Svelgvanskar opptrer hyppig etter hjerneslag og representerer ein alvorleg risikofaktor for å utvikla lungebetennelse. Tidleg påvising av svelgvanskar kan reduserer risiko for lungebetennelse og død. Sjølv om kunnskapsbaserte retningslinjer anbefaler svelgkartlegging, vise nasjonale auditer at ikkje alle hjerneslagpasientar blir kartlagt for svelgvanskar. Hensikta med studiet var å kartlegga om det var samsvar mellom praksis og kunnskapsbasert anbefaling om svelgkartlegging, samt å sette i verk tiltak for å betra praksis ved behov. Metode: Me gjennomførte ein kriteriumbasert klinisk audit (KBKA), i ein liten slageining ved eit lokalsjukehus i Noreg. Pasientar med hjernebløding, hjerneinfarkt og TIA vart inkludert. Ein strykeanalyse berekna andelen inkluderter pasientar til 80 ved baseline og 35 ved re-audit. Resultatet frå baselinemålinga vart samanlikna med kunnskapsbasert kriterium, og me gav tilbakemelding om resultatet til leiinga og personalet ved avdelingar. Me kartla interessentane og deira motstand til prosjektet. For å kartlegge barrierar for implementering av svelgkartlegging gjennomførte me ein idédugnad. Det vart utført ein årsaksanalyse av barrierane. Resultat frå årsaksanalysen, samt implementeringsforskinga, gav oss grunnlag for val av kvalitetsforbetringstiltaka. Etter at forbetringstiltaka var gjennomførte, utførte me ein reaudit. Prosent og median blir presentert med 95 % konfidensintervall (KI). Resultat: Kartlegging av interessentar viste at prosjektet hadde støtte i leiargruppa samt personalet som arbeidde med hjerneslagpasientar. Personalet som skjeldan utfører svelgkartlegging hadde størst motstand. Barrierar var knytt til personalets manglande kunnskap om svelgfunksjon og svelgkartlegging og deira haldningar til svelgkartlegging, samt til utforming av svelgkartleggingsinstrumentet og organisasjonen. Baselinemålinga (n=88) viste at 6 % hadde dokumentert bruk av svelgkartleggingsverktøy. I re-audit (n=51) hadde andelen auka til 61 %. Konklusjon: Ein KBKA som involverer leiinga og personalet, og som bruker skreddarsydde tiltak retta mot barrierar, førte til at 55 % fleire hjerneslagpasientar vart kartlagt for svelgvanskar i re-audit, samanlikna med baselinemålinga
Background: Dysphagia is common after stroke and represents a major risk factor for developing aspiration pneumonia. Early detection can reduce the risk of pulmonary complications and death. Despite the fact that evidence-based guidelines recommend screening for swallowing deficit using a standardized screening tool, national audit has identified a gap between practice and this recommendation. Aim: To determine the level of compliance to an evidence-based recommendation on swallow assessment and to take actions to improve practice if necessary. Methods: We carried out a criteria-based clinical audit (CBCA) in a small stroke unit at a Norwegian hospital. Patients with hemorrhagic stroke, ischemic stroke and transient ischemic attack were included. A power calculation informed the number of included patients at baseline (n=80) and at re-audit (n=35). We compared the baseline result with the evidence-based criteria and gave feedback to management and staff. We identified stakeholders and examined their resistance to the project. A brainstorming session, a root–cause analysis and implementation science were used to inform the quality improvement actions. We completed a re-audit after implementation. Percentages and median are reported with 95% confidence intervals (CI). Results: A survey of stakeholders showed that the project had support in the management and the staff working with stroke patients on a daily basis. We discovered resistance among staff who seldom performed swallow screening. Barriers were related to staff’s knowledge, skills and attitude and also to the screening instrument and to the organization. Among 88 cases at baseline, documentation of swallow screening was complete for 6 %. In the re-audit (n = 51), the proportion increased to 61%. Conclusion: A CBCA involving management and staff, and using multiple tailored intervention targeting barriers, led to greater compliance with the recommendation for screening stroke patients for dysphagia
Description:
Masteroppgave i kunnskapsbasert praksis i helsefag
Publisher:
Høgskolen i Bergen/Bergen University College
Date:
2015-05-15
Material type:
Master's thesis
Language:
New Norwegian
URL:
http://hdl.handle.net/10049/774
Keywords:
kriteriumbasert klinisk audit
svelgkartlegging
dysfagi
svelgvanskar
hjerneslag
criteria-based clinical audit
swallow screening
stroke
dysphagia
deglutition disorder

Files: