Den ansvarlege læraren

Author:
Hammerseth, Kirstin
Abstract:
Temaet i denne studien er testing i barneskulen. Problemstillinga er kva innverknad har det auka fokuset på resultat på læraren sitt arbeid i barneskulen? Studien er bygd opp gjennom intervju av lærarar. Her deler dei sine opplevingar og tankar om eit auka resultatfokus og kva verknad det har på deira arbeidskvardag og arbeidsoppgåver. Med eit auka resultatfokus blir det lagt vekt på at det er blitt eit større fokus på korleis elevane presterer fagleg og at ein som lærar i større grad enn før er nøydd til å dokumentere læringsutbyttet til elevane ved hjelp av testar for å oppnå høgare kvalitet. Testing i skulen er eit tema som har vore mykje omdiskutert i media. Det har vore framme mange meiningar, positive og negative. Det er mykje som ligg til grunn for det auka resultatfokuset som har oppstått dei siste åra. Introduksjonen til denne studien tar føre seg dette. Kva skjedde med skulen for at fokuset på resultata har auka og kvar er den norske skule no. Denne studien tar utgangspunkt i kvalitativt intervju som er gjennomført med fem lærarar som er i fjerde- og femteklasse. Som ein vil sjå gjennom studien er dette fem ulike lærarar både med tanke på arbeidserfaring, alder, område og meiningar. Materiale som har blitt samla inn i denne studien har fokus på lærarane sine tankar og opplevingar om temaet. Det som kjem fram i intervjua vil bli lagt fram for deretter å bli drøfta opp mot relevant teori. Det informantane fortalde, har skapt grunnlaget for val av teori og retninga studien tok. Forskinga som har blitt gjort førte i retninga av accountability. I denne studien blir eigenteorien til accountability presentert. Det blir sett på kva mekanismar den fører med seg for å forbetre undervisning og læring. Det blir ved hjelp av historiene og meiningane til fem informantar stilt eit kritisk syn til accountability tankegangen. Mekanismane viser seg utifrå det informantane fortel, å ha store konsekvensar. Andre omgrep som blir relevante i denne studien er Campbells Law som kan knytast til mykje av det informantane beskriv og gi lys over problemstillinga. Med denne studia ynskjer ein å gi omverda eit innsyn i læraren sine tankar om testing i barneskulen og korleis dette påverkar arbeid til læraren. Det har blitt eit hovudfokus å gi læraren ei stemme i debatten om testing i barneskulen.
The topic of this study is testing in primary schools. The issue that this study will discuss is what influence does the increase of testing in primary schools have on teachers’ work? This text focuses on five teachers’ opinions and thoughts about an increase in focus on performance and what influence it has on their work tasks. Behind the sentence increase in focus on performance, lies an understanding that it has become a larger focus on pupils’ performance in subjects that can be measured and the teacher increasingly has to document the pupils’ learning outcomes by using tests to achieve a higher quality. Testing in schools are a topic discussed several times in media. Both positive and negative opinions toward testing appears in these discussions. There are many reasons for an increase in performance focus that has happened in the last years. The introduction to this study will give a review of these reasons. It will show what happened to get this increase in focus and where the Norwegian primary school are now in regards of testing. As a method, this study uses qualitative interview. There has been interviewed five teachers in fourth and fifth grade. As this study will show, these teachers are very different in thoughts of work experience, age, location and opinions. The material collected in this study, focuses on these teachers’ thoughts and experience with testing. The results founds will be emphasized and discussed against relevant literature. The stories and opinions that the teachers told, has created this study and the direction it took. The research done lead in the direction of accountability. This study have been looking at the theory behind accountability. It focuses on the mechanisms that are supposed to improve educations and learning. These teachers’ stories and opinions has given a critical view on accountability. The mechanisms reveals great consequences. Campbells Law is a different term that is relevant to this study and will be used to discuss and give an answer to the issue on how it affects the teacher. The purpose of this research is to give an insight in teachers’ thoughts about testing in primary school and what effect it has on their work. The main focus of this study is to give the teacher a voice in the debate.
Description:
Masteroppgave i undervisningsvitskap med fordjuping i pedagogikk
Publisher:
Høgskulen på Vestlandet/ Western Norway University of Applied Sciences
Date:
2017-05-15
Material type:
Master's thesis
Language:
New Norwegian
URL:
http://hdl.handle.net/10049/808
Keywords:
testing
barneskulen
læring
undervisning
accountability
Campbells Law
primary school
testing
teaching

Files: